Om oss
Sigbjørn Bøtun (30)
Sigbjørn er turmann med stor T. Jobbar i DNT Drammen, der utekontor er favoritten. Har vandra i fjella frå han var liten, har lidenskap for kajakk, klatring og ikkje minst telemark. Den første til å gjennomføre MASSIV-ruta saman med Ruben Bøtun. Busett i Drammen.
Kompetanse Sigbjørn:
Grunnkurs skred, NF-godkjent
Vinterturleiar, DNT
Sommarturleiar, DNT
Grunnleggande turleiar, DNT
Videregående førstehjelp, nivå 3. FS-godkjent.
Instruktørkurs HLR og førstehjelp, NIH.
Aktivitetsleder hav, kajakk - NPF godkjent.
Nybyrjarkurs kano - NPF godkjent
Brattkort, NKF-godkjent.
Årsstudium friluftsliv NIH, 60stp
Dag Einar Bøtun (31)
Dag Einar har bakgrunn som fallskjermjeger og spesialjeger, men har no byta ut jeger-livet med bondelivet på familiegarden i Fresvik. Topptur vinter og sommar er den store lidenskapen, og det er lite som gledar så mykje som å vise fram den storslåtte naturen Fresvik har å by på.
Kompetanse Dag Einar:
Brattkort, NKF-godkjent
Grunnkurs skred, NF-godkjent.
Praktisk pedagogisk utdanning -60 stp.
Snowboardinstuktør 1, - DNS-godkjent
Skiinstruktør 1 Alpint, - DNS-godkjent
Videregående førstehjelp, nivå 3. FS-godkjent
Kajakk grunnkurs, NPF-godkjent.
DNT-ambassadør kurs.
Brekurs- UIS.
Friluftsliv UIS, 50stp
Øydis K. Bøtun (71)
Samlar på 2000m toppar og er den i gruppa som har desidert flest toppar over 2000m. Aktiv vinter og sommar, og kjenner Fresvik-fjella ut og inn. Om du ikkje finn ho i Fresvik, så er ho som regel på ein topp i Jotunheimen.
Kompetanse: Øydis:
Turleiar-kurs gjennom DNT
Brekurs
Brattkort NKF godkjent.
Instruktørkurs HLR og førstehjelp.
Kajakk grunnkurs, NPF - godkjent
Bøtun Adventure Group er eit lite selskap beståande av 5 guidar. Me er spesialiserte på turar i og rundt Fresvik i Sogn.
Selskapet blir drive av guidar som har vokse opp i Fresvik, og nytta fjella og fjorden som eiga leikegrind i mange år.
Våre turar er ikkje bunde til ein bestemt fjelltopp eller ei bestemt rute. Me er klare til å skreddarsy turar etter dei besøkande sine behov og ønskjer, slik at du skal få eit størst mogleg utbytte når det kjem til vanskegrad, lengde, opplevingar og natur.
(ønskjer de ein spesifikk guide på dykkar turar, må det gjerne nemne dette når de tek kontakt:)
Våre guidar:
Marie Stensholt (30)
Marie er tøff som få, og snillare enn nokon. Marie elskar å opphalde seg utandørs, helst med ski eller snowboard på beina. Har også brei erfaring med kajakk, klatring og brevandring. Busett i Fresvik med Dag Einar.
Kompetanse Marie:
Grunnkurs skred, NF-godkjent
Brattkort, NKF-godkjent
Brekurs, UIS
Praktisk pedagogisk utdanning, 60stp
Lederstilling Gi Gass 2016-2018
Snowboardinstuktør 1, - DNS-godkjent
Skiinstruktør 1 Alpint, - DNS-godkjent
Aktivitetsleiar og guide i klatreparken Aktiv Fritid Tjøme.
Kajakk teknikk-kurs, NPF-godkjent.
DNT-ambassadør kurs.
Friluftsliv UIS, 50stp
Ruben Bøtun (34)
Ruben jobbar til dagleg i Sogn og Fjordane skogselskap i Sogndal. Tenestegjorde førstegangstenesta i Marinejegerkommandoen og har globetrotta etter det. På fritida er turar, både på ski og til fots, høgt på prioriteringslista. Den første til å fullføre MASSIV-ruta saman med Sigbjørn. Tidlegare jobba som personleg trenar, så han kjem garantert til å til å gi deg motiverande ord undervegs :)
Kompetanse: Ruben
Prestasjonspsykologi I, II og III.
NFFs Trener 1 - kurs
Bachelor i utmarksforvaltning
Bachelor i skogbruk
Personleg trenar kurs nivå 3 (CYQ Level 3) - TTR Academy - Newcastle, UK.
Rangers First Respons kurs (førstehjelp).
Naturveiledning (Guiding), INN
RO2-sertifisert droneoperatør, Luftfarttilsynet

TUNDALEN i Fresvik. Ein fantastisk vakker dal, som også er inngangen til Verdsarvområdet.