Lauvhoggskallen
Lauvhoggeskallen
Turen går frå Engi gjennom vakre Tundalen på god sti. På vegen går ein forbi gamle stølar og tufter som vart mykje nytta i gamle dagar. Ein vil også gå forbi ein minnestein frå 1914. Ca. halvvegen aukar stigningsprostenen ein heil del, og den siste halvdelen går i ulent terreng utafor sti. Ein må opp på ca. 1500 moh. før ein går ned til Lauvhoggeskallen som ligg på ca. 1200 moh.
Frå Lauvhoggeskallen har ein fantastisk utsikt nordover mot Fresvik og Sognefjorden. Om været er godt er det også mogelegheit for å ta seg ein dukkert på 1200-meters høgde. På veg tilbake kan ein gå over Engi, og sjå både Fresvikbreen og Helgedalen. Omtrent heile turen går i Nærøyfjorden Landskapsvernområde.
Lengde: Ca. 25 km t/r.
Vanskegrad 4/5
Tidsbruk: Ca. 10t
Moh: 1200
Stigning: 1100
